Om Suldal Elverk KF


Suldal Elverk er eit kommunalt føretak som sel og distribuerar elektrisk kraft,
hovudsakleg i Suldal kommune. Selskapet er lokalisert på Sand og har 26 tilsette.


Suldal Elverk driv tradisjonelle everkstenester innanfor følgjande område:

 

  • Kraftomsetning hovudsakleg til kundar i Suldal kommune.
  • Nettdrift med forsyningsområde i Suldal.
  • Levering til sluttbrukar utgjer ca. 100 GWh/år.
  • Produksjon av kraft i Sand kraftverk, normalproduksjon 10GWh/år.
  • Drift av veglys for Suldal kommune.
  • Entreprenørverksemd. Bygging og vedlikehald av nett for oss sjølv og andre.
  • Utbygging av breiband/fibernett
  • Øvrige tenester for andre hovedsakeleg innanfor everksbransjen.