Nettleige


Nettleige er det du betalar for å vera tilknytt straumnettet. Nettleiga skal dekke kostnadene ved investeringar og drift av nettet. Nettleiga til Suldal Elverk består av to ledd. Fastledd og energiledd. Det er eit mål for NVE at fastleddet skal dekkje alle faste kostnader med drifta av nettet, medan energileddet skal dekkje kostnaden med tapet i nettet. Suldal vil gjere omlegginga til større fastledd gradvis. Det er NVE som bestemmer totalramma for kor mykje Suldal Elverk kan ta i nettleige.

Suldal Elverk set som følgje av redusert inntektsramme ned nettleiga frå 2018. I snitt blir nettleiga sett ned med ca. 3,5 øre/kWh. Det er gledeleg å kunne sette ned nettleiga når trenden i bransjen går motsatt veg.

Klikk på linkane under for å sjå fullstendig oversikt over våre Tariffar:

Tariffar 2018

Tariffar 2017

Nettleige hushaldning 2018.jpg
Nettleige næring 2018.jpg