Nettilknytning


Treng du meir effekt eller skal byggje hus, hytte m.m. og ynskjer å bli tilkopla straumnettet, må du ta kontakt med Suldal Elverk først. Sjølv om leidningen eller kabelskapet er i nærleiken, er det ikkje sikkert at det er kapasitet til eit nytt bygg. Vi vil undersøke om det er kapasitet og gi prisoverslag på kva ei eventuell forsterking/utbygging vil koste. Suldal Elverk har ikkje tilknytingsavgift, men krev anleggsbidrag tilsvarande kostnaden etableringa medfører.

 

Tinging av anleggsstraum og straumforsyning må sendast til Suldal Elverk i god tid før byggestart. Byggherren eller Elektroinstallatør må også kontakte Suldal Elverk før byggestart for å få påvist plassering av inntak. I nybygg må det etablerast inntaksskap for målar på utsida av bygninga. Det er installatøren som leverer og monterer dette skapet.


Her kan du skriva ut skjema for : Tinging av permanent straumforsyning og Tinging av byggestraum. Det er og muleg å søkje direkte i skjemaet under.


Suldal Elverk bruker KS sine standardavtalar for tilknyning, nettleige og kraftlevering. Avtalene kan du laste ned her:  

Fornamn Etternamn
Gateadresse/Stad/Postnummer
Fast/mobil
Eg godkjenner å sende personopplysningane i dette skjemaet via Suldal Elverk si e-post løysing *