Kontroll av bustad og hytter


Korleis er saksgangen ved ein kontroll.

Suldal Elverk gjennomfører årleg om lag 130 kontroller av elanleggene i bustadar, fritidsbustadar.  Me føretek kontrollar både på nye og gamle elektriske anlegg.

Anlegga som det skal gjennomførast tilsyn på blir plukka ut etter prioritering.

Kunden får tilsendt varsel om kontroll i god tid før sjølve tilsynet skal utførast. I brevet varsel om kontroll føreslår me eit tidspunkt for kontrollen. 

Me ynskjer at kunden deltar under kontrollen fordi me på denne måten får snakka om det som eventuelt blir påvist av feil og manglar og bakgrunnen for at utbetring må gjennomførast. På besøket vert det også informert, og delt ut informasjon om elsikkerhet.

I etterkant av kontrollen vert det skrevet ein rapport.  Denne rapporten er eit varsel om vedtak.  Når kunden får denne rapporten kan sjå gjennom den, eventuelt klage på den.  Etter 3 veker vert det sendt ein ny rapport med vedtak.  Rapporten vil sjå lik ut, men nå er det rettefrist på rapporten.

Saksgangen vidare er at kunden da tar kontakt med sin elektrikar og får utbedra feila i rapporten.

Når rapporten er retta skal elektrikaren signere for utført arbeid, og sende rapporten tilbake til Suldal Elverk.

Suldal Elverk vil da registrere rapporten som retta i systemet vårt.

Dersom rapporten ikkje vert retta av ein eller annan grunn vil det bli sendt purring når rettefristen  er gått ut.

Vert ikkje rapporten retta, vert rapporten avslutta med hefte, eller oversendt DSB for vidare behandling.

Vert saka avslutta med hefte vil det sei at det er ein rapport som hefter med dette elektriske anlegget.  Det kan få konsekvensar ved eventuelle seinare hussalg eller forsikringssaker.

Vert saka oversendt til DSB så er det DSB som tar seg av den vidare behandlinga av saka.  DSB kan eventuelt bruka dagbøter som sanksjonsmiddel.

Gjennomføring av kontrollen 

Kontrollen blir som regel gjennomført etter denne modell:

a)    Inntaksboksen:
Det blir kontrollert om sikringane er korrekte og om det er teikn på varmgong. 

b)    Sikringsskapet:
Anlegget blir sjekka for isolasjonsfeil (jordfeil) og om kursane er rett sikra og merka.  Berøringsfaren, at sikringane kan betenast utan at man får straumgjennomgang, blir sjekka. At anlegget er utført med tilfredsstillande jording blir også kontrollert.   

Anlegget blir sjekka for varmgong. Hyppigaste årsak til dette er lause koplingar eller manglande tilskruing av eldre sikringar (skrusikringar).    

c)    Den faste installasjonen:
Punkter med krav om jording blir kontrollert. Det blir vidare sjekka ut at jorda og ujorda installasjon er blanda. 

Alle kablar og leidningar er rett festa og at kablar og utstyr som brytarar og stikkontaktar ikkje er skada.  

Brytarar, koplingsboksar, stikkontaktar osv blir visuelt sjekka for varmgong.

d)    Tilkopla utstyr:
Me ser etter om varmeomnar er tildekt då dette utgjer ei potensiell brannfelle. Eit anna punkt er å sjå etter om utstyr er tilkopla med skøyteleidning.      

e)      Dokumentasjon:      
Me kontrollerer om nødvendig dokumentasjon er tilstades, og om dokumentasjonen er rett.