Kontroll av bedrifter


Alle bedrifter er pålagt å ha eit eige internkontrollsystem. Tilsyn av verksemder blir gjennomført med utgangspunkt i den enkelte verksemd sitt internkontrollsystem. Internkontrollforskriftens intensjon er å fremja Helse,- Miljø- og Sikkerheitsarbeidet (HMS) i alle norske verksemder.

Internkontrollsystemet skal bl.a. innehalde rutinar for å sikra etterleving av relevante forskrifts- og normkrav.

Tilsynet føregår i hovudsak slik:

I eige skriv til leiinga i verksemda blir det varsla om tilsynet og om bakgrunn for dette. Verksemda sitt IK – system blir gjennomgått. For å verifisera om vedlikehaldsrutinar fungerer, utføres stikkprøvebasert kontroll av det elektriske anlegget.

Tilsynet hos verksemda blir avslutta med ei kort oppsummering av inntrykket. Deretter blir rapporten skriven og sendt verksemda. Om kontrollen ikkje har avdekka feil og manglar, vil det gå fram av rapporten at saka er avslutta.  

Har tilsynet derimot avdekka feil og manglar rundt IK – systemet eller det elektriske anlegget, blir det sendt ein rapport, varsel om vedtak, og sett ein frist for utbetring.  

Dersom verksemda ikkje følgjer opp påpeikte feil og manglar innan fristen, gitt i varsel om vedtak, blir det fatta eit vedtak om utbetring med ny frist. Skulle dette vedtaket ikkje bli følgt opp, sender DLE ut purring.  Viss purringa ikkje blir følgd opp, blir enten saka avslutta med hefte eller i verste fall stengt. Saka blir i såfall sendt over til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) for vurdering av tvangsmulkt med heimel i lov av 24. mai 1929 nr. 4 om tilsyn med elektriske anlegg og elektrisk utstyr, § 13.