Kabellytting/gravemelding

Rundt omkring i bakken skjuler det seg ulike straum- og telekablar. Å skade desse kablane kan vera både farleg og medføre store kostnader for kabeleigar. Suldal Elverk skal difor varslast i god tid før eit gravearbeid tar til. Om vi mistenkjer at våre kablar ligg i området vil vi lytte opp og merke plasseringa av kablane før gravearbeidet startar. Suldal Elverk tar ikkje betalt for arbeidet med å markere kabelgrøfter.

NB! For at vi skal kunne planlegge kva personell som skal brukast til oppmerkinga, er vi avhengig av varsel om gravearbeidet i god tid før arbeidet er planlagt starta. Vi treng normalt varsel ei veke før, men om det er akutte hendingar som ligg til grunn for gravearbeidet vil vi sjølvsagt utføre oppdraget som eit hasteoppdrag. Det er og viktig at vi ikkje merkar for tidleg, då merkinga vil forsvinne relativt raskt etter at ho er utført.

For å melde inn behov for kabellytting bruk skjemaet under:

Eksempel: https://www.google.no/maps/@59.4813769,6.253319,19z
Eg godtar å sende opplysningane i skjemaet over Suldal Elverk si e-postløysing. *