Feilmelding ved straumbrot


Ved straumbrot eller annan feil på straumleveringa bør du gjera følgjande før du ringjer vår vakttelefon 415 53 899:

  • Undersøk om naboar eller andre i området har straum.
    I så fall må du sjekka om sikringar og eventuell jordfeilbrytar har kopla ut. Hugs å sjå på sikringar på inntak (loft eller kjellar).
  • Dersom alt ser ut til å vera i orden, men det er berre du som ikkje har straum, bør du ta kontakt med elektrikar då det er mest truleg at feilen er på det elektriske anlegget.
  • Dersom straumen også er borte hos naboane eller at du reknar det som sikkert at feilen er utanfor ditt anlegg kan du ringja vår vakttelefon.
  • Dersom straumen er borte i store områder ser vi helst at du ikkje ringjer med det same utan at du har spesielle problem. Men ring heller etter ei tid når den verste telefon"stormen" har lagt seg.

Det er svært viktig at du ringjer dersom du har sett feil på nettet vårt.
Dette kan føra til at vi fortare kan lokalisera og utbetra feilen.

Telefonnr. til elektroinstallatørane i vårt forsyningsområde:

Suldal Installasjon, Sand
52 79 73 19 / 915 42 690

T.M.Skiftun installasjon
51 75 19 73 / 995 77 155

Helgevold Elektro
52 76 60 00 / 911 20 570

Sauda Installasjon
52 78 58 00