Eltryggleik


All statistikk viser det det brenn alt for mykje i Noreg.  Rundt halvparten av alle brannar i Noreg har ein elektrisk årsak.

Det er du som eigar av ein bustad som er ansvarleg for at det elektriske anlegget i huset ditt er i orden.

Det lokale eltilsyn (DLE) ved Suldal Elverk arbeider med å førebyggje brannar og branntilløp.  Me påser at den elektriske installasjonen i huset er i ein slik stand at den ikkje er farleg for deg som brukar. 

Dette arbeidet gjere me på forskjellige måtar.  Me føretek periodiske kontrollar på alle bustader og hytter.  Mot bedrifter føretek me revisjonar og verifikasjonar mot dokumentasjonen til bedriftene.  Me har eit informasjonsopplegg mot skular, lag og foreiningar.  Me deltek på messer og marknader med informasjon og brosjyrer.

Ta kontakt dersom det er ting du lurer på.