Nett


Ynskjer du å kople deg til vårt straumnett? Vel linken nettilknyting i margen til venstre for ytterlegare informasjon.

Ynskjer du byggjestraum? Bruk linken nettilknyting eller vel skjemaet Tinging av byggjestraum direkte.

Fakta om straumnettet i Suldal Elverk sitt forsyningsområde:

  • 301 km høgspent luftledning
  • 74 km høgspent kabel
  • 236 km lågspent luftledning
  • 219 km lågspent kabel
  • Til saman 830 km med linjenett, som leverar 95 GWh til 3500 nettkundar i vårt forsyningsområde.

Målaravlesing


Det er fleire måtar å registrere målarstanden på:

  • Ein kan ein logge inn og registrere målarstanden via denne linken Les av målaren
  • Ein kan registrere eit mobilnummer på abonnementet. Ved kvart månadsskifte vil kunden få ein SMS som ein skal svare på ved å skrive SEVM mellomrom og målarstanden. Eks: SEVM 16879
    NB! det er viktig at ein sendar svar frå same telefonnummer som ein mottok sms på.
  • Ta kontakt med Suldal Elverk Nett på 52792602 for å registrere mobilnummer
  • NB! Sjølv om vi helst ynskjer avlesinga ved månadskifte er det fullt muleg å sende inn avlesinga kva tid som helst.
  • Har du fått ny AMS målar? Om den tredje lysdioden blinkar blått eller grønt, har vi kontakt med din målar. Då kan du slutte å sende inn målaravlesing til oss. Om lysdioden ikkje blinkar, må du framleis sende inn avlesinga fram til kontakt er etablert.

For Installatørar/entreprenørar


Linjene i lufta og kablane som er nedgrove i bakken kan vera farlege. Dersom ein skal grave, skoge eller krane må ein difor ta kontakt med overordna vakt på tlf: 415 53 899 i god tid før arbeidet startar. Vakta vil gi råd om vidare framdrift. Dette er for å unngå skade på liv, helse og materiell. Vidare vil ein oppnå at vakta vert klar over arbeidet som føregår langs nettet vårt.

Informasjon for installatørar i Suldal Elverk sitt nettområde.

Elsikkerhet


Ved å bruke linken under finn du nyttig informasjon om elsikkerhet og kontaktinformasjon til Det Lokale Eltilsynet.